Forsking og utvikling

Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet for å gi utdanningstilboda våre eit solid fagleg grunnlag. 

I Strategiplanen for Høgskulen i Volda (2017-2020) skal FoU-ressursar prioriterast til tre strategisk viktige område: dei nye grunnskulelærarutdanningane, den nye masterutdanninga i mediefag og PhD- utdanninga i helse- og sosialfag. Vi skal stimulere til nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid, og vi skal gje studentar innsikt i og erfaring med FoU-arbeid ved å involvere dei i aktuelle prosjekt. Forskingsmeldinga gir oversyn over aktivitet og status på desse områda. Meldinga blir årleg lagt fram for Forskingsutvalet (FU) og godkjent av styret.

Forskingsmagasinet Synsrand