Musikk og livsmeistring – musikkutdanningar i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Avdeling for kulturfag har eitt av dei breiaste kulturfaglege miljøa i Noreg. Professor og komponist Magnar Åm er knytt til musikkseksjonen som tilbyr bachelorutdanning, årsstudium og vidareutdanningar. Åm er saman med musikkterapeut og høgskulelektor Øystein Salhus fagleg ansvarleg for kurset Musikk og livsmeistring (frittståande betalingsemne som førebels blir tilbode utvalde grupper i helsesektoren). Han har og ansvaret for emnet Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (valfritt fordjupingsemne i musikkbacheloren).

Musikk og livsmeistring 1

– Musikken er eit språk som eg kan bruke til å prøve å uttrykke det eg ikkje forstår. Om eg har opplevd noko som er vanskeleg i livet, so kan eg oppleve meistring ved å prøve å spele eller synge det. Det er livskvalitet, seier professor Magnar Åm.

Kurset på 15 studiepoeng skal gi omsorgsarbeidarar, pedagogar og musikarar alle som arbeider med folkehelse og integrering som mål nokre enkle hjelpemiddel til å fremje velværet og livshandteringa i eit folkehelse- og integreringsperspektiv. Ein treng ikkje å ha musikkutdanning for å praktisere metodane som studiet gir kompetanse i.

– Kurset er veldig nyttig for dei som vil jobbe med musikk og som jobbar med musikk på ein måte som verkeleg kan hjelpe menneske. Kurset er også lagt opp slik at du treng ikkje ha musikkbakgrunn for å kunne få nokre enkle hjelpemiddel til å bruke musikk der du treng det, seier professor Åm.

Andre musikkutdanningar ved Høgskulen i Volda

Professor og komponist Magnar Åm og andre dyktige lærarar og instruktørar, eige symfoniorkester, kor, gode øvingsrom for band og enkeltpersonar, konsertsal, spesialrom med «digital audio workstations» (DAW) og lydstudio skaper eit godt og stimulerande rammeverk og fagleg miljø rundt dei ulike musikkutdanningane i Volda.

Bachelor i musikk

Bachelorutdanninga gir deg god kompetanse om musikk og du får rike høve til å spele og komponere saman med andre. Bachelorutdanninga legg eit godt grunnlag for ei yrkeskarriere innanfor skuleverket og kultursektoren, til dømes som lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør. Studentane får også høve til å opptre på både lukka og offentlege konsertar, bachelorkonsertar og andre konsertar der studentane kan få utfordrande solistoppgåver saman med storband, kor og andre orkester.

Musikkseksjonen samarbeider også med Sunnmøre kammermusikkfestival som under leiing av Annar Follesø og Wolfgang Plagge tilbyr musikkstudentane undervisning og rettleiing av internasjonalt kjente utøvarar.

Musikkseksjonen tilbyr også musikk årsstudium og vidareutdanning i musikk.

Om Avdeling for kulturfag

Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda har eitt av dei breiaste kulturfaglege miljøa på bachelornivå i Noreg.  Avdelinga har fem bachelorprogram og seks årsstudium innanfor fagområda musikk, teater/drama, design, kunst og handverk, idrett og friluftsliv. I tillegg har den vidareutdanningar og halvårsstudium. Avdelinga har omlag 550 studentar.

Del på